Hopp til innholdet

Starter 07 feb 17:00

Den norske modellen i breidde­fotball - Speletid, topping og utvikling

Ettermiddagen blir leia av Jan-Henrik Børslid som moderator og held den raude tråden gjennom programmet.Det faglege innhaldet blir levert av Petter Myhre, Erik Thorstvedt og Brede Hangeland, som deler perspektiv frå både topp- og breidde­fotball, basert på erfaring, praksis og refleksjon.

Foredraget tek utgangspunkt i korleis norsk barne- og ungdomsfotball er meint å fungere – med vekt på:

  • like moglegheiter til å spele
  • langsiktig utvikling
  • tryggleik, meistring og prestasjon over tid

Gjennom samtale, døme og refleksjon blir tema som topping, speletid, foreldrepress og utvikling av gode miljø belyste. Det blir òg lagt opp til dialog med salen undervegs, og muleg panelsamtale avslutningsvis leda av Jan-Henrik Børslid.

Etter den faglege delen inviterer Sparebanken Norge og Quality Hotel Sogndal til kaffi og uformell mingling, med høve til å slå av ein prat og ta bilete med føredragshaldarane.

**Kort om profilane: **

● Jan-Henrik Børslid – programleder og TV 2-profil kjent fra Premier League-studio

● Erik Thorstvedt – tidligere kaptein og landslagskeeper, nå TV-personlighet og foredragsholdar

● Brede Hangeland – tidligere kaptein for landslaget, nå fagansvarlig i NFF

● Petter Myhre – ekspertkommentator og fotballtrener for Vålerenga

Hent ut din gratisbillett for påmelding. Arrangementet er gjort mogleg med støtte frå Sparebanken Norge.