Hopp til innholdet


Inngangen åpnes 08 okt 17:00
Starter 08 okt 18:00
Avsluttes 11 okt 17:00

Arrangør: Vestnes Teaterlag

Vestnes Teaterlag og Søblomsten Shantykor presenterer musikalen Ringar i vatnet av Rolf Magnus Orø. Historia fortel om båtbyggaren Lars Jensen Hammeraas, som kom frå Hardanger og starta båtbyggeri i Vestnes. Han bygde mellom anna Søblomsten som no er restaurert og sjøsett.

Historia tek oss med gjennom ein viktig båtbyggartradisjon og livet kring eit verft. Samstundes får vi eit innblikk i utvandringa til Amerika, kjønnsrollene på 1800-talet, retten til skulegang, og når eit sentralt familiemedlem går bort i ei ulykke. Vestnes Teaterlag samarbeider med Søblomsten Shantykor og andre lag og organisasjonar i regionen om denne oppsettinga.

Dei aller fleste rollene er fylt av lokale skodespelarar. I tillegg finn du eminente musikarar som Joakim Bjermeland, Hallvar Djupvik, Jo Inge Nes, Kristina Farstad Bjørdal, Britt Elise Skram, Knut Olav Skrove, Gaute Skrove, Halvor Hovden og Kristian Frostad.