Thursday, October 15th, 2026
Quality Hotel Sogndal
in
Sogndal
Velkomen til jubileumsfeiring!
Den 1. juni 1976 vart Sogndal Turlag stifta, og i år fyller vi heile 50 år! I den anledning har vi gleda av å invitere til ein storslått jubileumskveld på Quality Hotel Sogndal torsdag 15. oktober.
Gjennom jubileumsåret har turlaget arrangert fleire klassiske turar frå tidlegare år, og som eit høgdepunkt denne kvelden lanserer vi ei heilt ny jubileumsbok. Boka tek føre seg turlaget si rike historie, fylt med unike bilete og gode minne frå dei siste 50 åra. Vi håpar du vil vere med å feire dagen med eit spennande føredrag og ein påfølgjande festmiddag.
Program for kvelden
Kl. 18:00: Jubileumsføredrag og tilbakeblikk. Velkomen ved leiar i Sogndal Turlag, Tor Martin Brekkeflat.
- Bileteføredrag: Store Skagastølstind og glimt frå eksotiske turar ved Sigurd Noreide-Felde.
- Biletkavalkade: 50 år med turlagsaktivitet ved Tom Dybwad.
Kl. 19:30: Festmiddag Vi samlast til ein nydeleg tre-rettars festmiddag. Visevert for kvelden er Tor Martin Brekkeflat.
Praktisk informasjon og påmelding
Tid og stad: Torsdag 15. oktober på Quality Hotel Sogndal. Påmelding skjer ved kjøp av billett. Påmeldingsfrist: 1. oktober. Hugs å oppgje eventuelle matallergiar det må takast omsyn til når du kjøper billetten.
Me gler oss til å feire saman med deg!
Helsing Sogndal Turlag