Saturday, November 7th, 2026
Quality Hotel Sogndal
in
Sogndal
Årets Kjempenes Liga går av stabelen 6 og 7.november 2026 For informasjon og påmelding av lag til turneringa: https://www.fjora.no/news-article/DFBF6CDC41314696855363541DE43992
Laurdag 7.november inviterer me til afterparty både på SOHO og i Eppel Bar.
På SOHO sørger lustrabandet Ivory for pulserande stemning! Dei tek oss med på ei musikalsk reise fylt til randen av udødelege godlåtar frå 60-talet og oppover. Du kan glede deg til kjende hits frå mellom anna Rolling Stones, R.E.M. og Hellbillies.
I Eppel Bar spelar HIT DUO opp til dans! Den populære far- og dotter-duoen frå Sogn har lang fartstid frå dei største scenene. Dei leverer fengande og allsidig musikk av høg kvalitet som treff alle aldersgrupper.
Dørane opnar kl. 21:00 , og me held festen i gang til 02:30. Billettsalet foregår via Tickster og startar 10.oktober kl. 12:00 (sjå lenke i arrangementsinformasjonen).
ID 20 år begge plassar. Det vil ikkje vere mogleg å gå mellom utestadane med same billett.